Frå Eple til Sider

Sideriet ligg 100 meter frå hovedhuset på garden. Sideriet er i utgangspunkt eit gamalt kyllinghus som har stått brakk sidan 2009.

I Sideriet er det 350 m² boltreplass for Eirik og hans kompani til å lage «57/2» sideren, men og til utvikling og prøvesetting av nye produkt.

Men utan familie og gode vener vert ikkje sideren til. Kompaniet har mange æresmedlem som fortener ei stor takk!

søster,-Sara-og-Søskenbarn-Håvard.jpg

Hausting

På Hausten vert epla henta ned i frå trea når dei er modne. Det er forskjellige hauste-tidspunkt for dei forskjellige eplesortane. Men frå slutten av September til midten av November kan du forvente å sjå ein bonde i ein eplehage i Hardanger.

Epla frå trea vert plassert i ein stor eplekasse, og transportert for pressing.

IMG_3457.JPG

Pressing

Hjå Agasideri og Joar Aga, vert epla pressa. Familie- og kompanimedlem Joar har ei eplepresse som kan presse 3 tonn eple i timen. Dermed vert all epla som trengs til produksjonen pressa her.

Pressa er ein beltefilterpresse, der safta renn ned i eit trau og pumpa gjennom eit grovfilter, før det hamnar i eit transporttank/lagertank.

Eplemasken vert samla opp og gitt til bønder i nærmiljøet som har husdyrhald som kyr, griser og høner.

Pressa har ein utnytingsgrad på 70 %, heilt utan bruk av kjemikalier og liknande.

2C94552B-6735-4B11-8EF8-D9A47010D0C0.jpg

Fermentering

Råsafta vert så transportert tilbake til garden på Store Nå, og opp til sideriet. Her vert Råsafta tappa over på større fermenteringtankar eller plassert i eit fermenteringsrom, med temperatur kontroll.

Så kjem ein til sjølve fermenteringa. Dette kan blir gjort på forskejllege måtar, både når det gjeld temperatur, gjær, mengde og basismetode. Alle produsentar har sin eigen måte å gjere ting på.

Men hovudpoenget er at ein gjærkultur lagar alkohol av sukker.

IMG_3452.JPG

Tapping

Når Siderprodusenten har den smaken og restsødmen som er ønskelig. Vert sideren tappa på flasker.

Ønsker ein at sideren skal bli så klar som mulig bruker ein eit filter, «stikking» er og ein metode for å gjere sideren klarare. Då tapper ein over frå ein tank til ein anna, utan at gjærpartiklane kjem med.

Hjå Aldesideri og kompanimedlem Olav Bleie, vert sideren tappa. Tappelinja hans klarer 1 500 flasker i timen.

Under tappinga vert sideren tilsett CO₂, slik at kvar flaske får 1,5–2 bar trykk

Når flaska er ferdig tappa blir den etikettert og er klar!