3_2_format.jpg

Store Naa –

Gard 57 bruk 2

Garden har vore i slekta si eige sidan 10.10.1724. Då vart Store Nå delt i to jamstore bruk. Det er då Eirik Asbjørnson Aga som fekk gåvebrev av verfar (svigerfar) sin, Jarand Meland.

Tipp+oldebeesten+Mikkel+.jpg

Hus og løer på bruk 1 og 2 var samla i eit klyngetun der bruk 2 har husa sine i dag. Alle teigane var oppdelte og dei låg om kvarandre, noko som kunne skapa noke ugreie gardbrukarane imellom. Etter utskiftinga i 1900 vart bruka heilt delt.

 

Generasjoner på Store Naa

1. Eirik Asbjørnson Aga (1693–1772) g.m. Torbjørg Jarandsdtr. Meland (1701–1764).
2. Asbjørn Eiriksson (1729–1807) g.m. Marita Larsdtr. Digranes (1731–1815).
3. Jarand Asbjørnson (1755–1826) g.m. Guro Helgesdtr. Ø.Bøvre (1751–1826). (Barnlause)
4. Asbjørn Larsson Strand (1797–1877,brorson) g.m. Pernilda Olsdtr. Ø.Bøvre (1790–1876).
5. Mikkel Mikkelson Lote (1819–1874) g.m. Guro Asbjørnsdtr. (1826–1896).
6. Asbjørn Mikkelson (1848–1901) g.m. Guro Vigleiksdtr. M.Bleie (1856–1930).
7. Mikkel Asbjørnson (1886–1967) g.m. Jorunn Larsdtr. Alvsaker (1886–1968).
7B. Asbjørn M. Nå (1911–1944) g.m. Ingeleiv Kvestad (1912–2006).
8. Mekjell Asbjørnson Nå (1942–) g.m. Vigdis Marie Johnsen, Kabelvåg (1946–).
9. Ingrid Mekjellsdtr. Nå (1966–) g.m. Bjarne Aga (1962–).
10. Eirik Nå Aga (1990–) g.m Katarina Rosseland Malmedal (1991 -).
 
IMG_3245.JPG

Gardsbruket har over tid forandra seg, men fruktdyrking og husdyrhald har til alle tider eksistert. Ein kan frå gamle bøker lese at det på byrjinga av 1950-talert var 7 sauer, 1 gris og 150 epletre, morelletre og plommetre. På midten av 1990-talet var det 7500 kylling og 1500 epletre, morelltre og plommetre.

“Er middelmaadig jord til ager og eng og ingen anden lunder dertil.”

— Jordebok 1626, Store Naa

“Har humlehage og ei lita flaumkvern. Ingen annan herlegdom.”

– Matr. 1667